Refleksjonsloggar i KRLE-faget. Ein studie av reflekterande skriving på niande steget

  • Kjersti Maria Rongen Breivega Høgskulen på Vestlandet
  • Hege Myklebust Høgskulen på Vestlandet

Abstract

I denne artikkelen analyserer vi 60 refleksjonsloggtekstar skrivne av niandeklassingar i KRLE- faget som er vurderte som reflekterande av uavhengige lærarinformantar. Vi spør: Kva trekk ved desse 60 elevtekstane kan liggje til grunn for at dei vert oppfatta som ytringar prega av refleksjon? Med utgangspunkt i tidlegare forsking på reflekterande skriving etablerer vi fire analysekategoriar: (1) innhaldsmessig orientering, (2) diskursiv utseiing, (3) evaluerande språkbruk og (4) global tekststruktur. Analysen syner at tekstane er prega av lite personleg og snarare allment enn fagleg innhald, DET-orientert diskursiv utseiing i kombinasjon med eit tydeleg utseiande EG, mykje evaluerande språkbruk og varierte tekstlege grep, som innslag av argumenterande teksttype, samanlikning, eksemplifisering og spørsmålsstilling. Funna våre viser m.a. at det finst likskapar mellom reflekterande og argumenterande skriving som vidare forsking bør avklare.

Studien understrekar vidare kor viktig skriving er som grunnleggjande ferdigheit i KRLE- faget og kva læringspotensial skriving av refleksjonslogg kan ha. Elevane skreiv m.a. fram idear som kan relaterast til to av kjerneelementa i Fagfornyinga, å «Kunne ta andres perspektiv» og «Etisk refleksjon».

Abstract

Reflection logs in the Norwegian school subject Christian and other religious and ethical education (CREE).

A study of reflective writing in the 9th grade In this article we analyze 60 reflection log texts written by ninth graders in the subject “Christian and other religious and ethical education” (CREE), texts assessed as reflective by independent teacher informants. We pose the question: Which features in these 60 student texts may be the reason why they were assessed as reflective utterances? Based on previous research on reflective writing, we developed four analytic categories: (1) content features, (2) discursive enunciation (3) evaluative stance and (4) global text structure. The analysis shows that the texts are characterized by scarce personal content and often more general content than specifically subject-relevant, IT-oriented discursive enunciation combined with a clear uttering “I”, frequent use of evaluative stance, a various range of textual features like instances of argumentative text type, comparisons, exemplifications and questioning. Our findings suggest striking similarities between reflective and argumentative writing, which further research should seek to clarify.

Furthermore, this study stresses the importance of writing as a key competency in the CREE subject and the learning potential of reflections logs. For instance, the students developed ideas related to two of the core elements in the CREE subject, namely the “Ability to take the perspective of others” and “Ethic reflection”.

Usage Statistics
Total downloads:
Download data is not yet available.

Author Biographies

Kjersti Maria Rongen Breivega, Høgskulen på Vestlandet

Kjersti Maria Rongen Breivega er førsteamanuensis i norsk ved HVL, studiestad Bergen. Ho er leiar av forskargruppa Lese- og skrivedidaktikk og medlem av forskargruppa Kritisk demokratisk danning. Breivegas forskingsinteresser er skriveforsking, tekstteori, argumentasjonsanalyse, sakprosa og demokratididaktisk retorisk forsking. Siste utgjeving: Breivega, Kjersti Maria Rongen og Toril E. Rangnes (red.)(2019). Demokratisk danning i skolen. Tverrfaglige empiriske studier. Bergen: Universitetsforlaget. https://doi.org/10.18261/9788215031637-2019

Hege Myklebust, Høgskulen på Vestlandet

Hege Myklebust er førsteamanuensis i norsk ved HVL, studiestad Stord. Ho underviser på grunnskulelærarutdanninga, og er særleg oppteken av språkval og skriveutvikling hos elevar og studentar. Ho har mellom anna skrive PhD-avhandling om argumenterande elevtekstar frå vidaregåande skule, og forskar no på tekstar skrivne av elevar i ungdomsskulen og lærarutdanninga.

Published
2020-05-15
How to Cite
Breivega, K. M. R., & Myklebust, H. (2020). Refleksjonsloggar i KRLE-faget. Ein studie av reflekterande skriving på niande steget . Nordic Journal of Literacy Research, 6(1). Retrieved from https://nordicliteracy.net/index.php/njlr/article/view/2050
Section
Original Research Articles
Keywords
refleksjonslogg, reflekterande skriving, skriving som læringsressurs, reflection logs, reflective writing, writing as a learning resource