Hjartemaskiner og husnummer. Femåringars eigeninitierte tekstar – bruk og retorisitet

Authors

  • Gudrun Kløve Juuhl Høgskulen i Volda, Norge
DOI: https://doi.org/10.23865/njlr.v6.2085

Abstract

Også born som enno ikkje er innlemma i det formelle lese- og skriveopplæringssystemet, skaper tekstar som har kommunikativ funksjon og verdi. Likevel vert ofte tekstproduksjonen til born, også barnehageborn, studert med utdanningssystemet sine føremål om læring og vurdering som premiss. Slike studiar seier lite om dei kommunikative aspekta ved borns tekstproduksjon. Denne artikkelen undersøkjer fem tekstar av fem femåringar og kva kommunikative samanhengar tekstane inngår i, og diskuterer med utgangspunkt i det korleis det er rimeleg å forstå dei som ytringar. Undersøkinga tek utgangspunkt i den etnografiske New literacy studies-tradisjonen, som vert supplert med aktør–nettverk-teori og retorisk teori. Sjølv om desse borna i varierande grad meistra skriftspråket, laga alle tekstar som vart brukte til å handla sosialt med. Ei viktig handling var namngjeving. Fleire tekstar utgjorde artefaktar i leik. Det varierte i kva grad tekstane var sentrale i dei sosiale handlingane dei var del av. Dette viser behovet for modellar av tekst og kontekst som ikkje som utgangspunkt set teksten i sentrum. Resultata i denne studien skil seg også frå tidlegare studiar av borns tekstar ved at pragmatisk funksjonalitet framstår som viktigare enn indre kompleksitet, og ved få spor av henvending til ein lesar. Dette viser at born sine tekstar er meir mangfaldige enn tidlegare forsking har vist, og at det å studera dei med eit etnografisk utgangspunkt kan bidra til at ein fangar opp ein større del av mangfaldet.

English abstract

Heartmachine and house numbers. Five-year-olds’ self initiated texts – uses and rhetoric

Even children not yet enrolled in formalized education create texts with communicative functionality and value. However – children’s texts are often studied with the education system’s aim of learning and assessment as a premise. Such studies have little to tell about the communicative aspects of the texts. The present article explores five texts by five five-year-olds and what communicative contexts the texts are part of, and discusses how to understand them as utterances. The exploration starts from the ethnographical tradition of New Literacy studies, Supplied with actor-network theory and rhetorical theory. Even though the children’s mastering of writing varied, all of them produced texts used in social action. One important action was naming. Several texts were artifacts for play. It differed to what extent the texts were central in the social actions they were part of. This shows the need for models of texts and context that doesn’t place the texts in the middle as default. The results of this study deviates from earlier studies of children’s texts in that pragmatic functionality seemed more important than textual complexity, and that they were not characterized by addressing a reader. This shows that children’s texts are more diverse that earlier research has shown, and to study them from an ethnographic angle may catch a greater part of this diversity.

Usage Statistics
Total downloads:
Download data is not yet available.

Published

2020-12-09

How to Cite

Juuhl, G. K. (2020). Hjartemaskiner og husnummer. Femåringars eigeninitierte tekstar – bruk og retorisitet. Nordic Journal of Literacy Research, 6(3). https://doi.org/10.23865/njlr.v6.2085

Keywords:

barns fritidstekstar, tekstanalyse, skriving utanfor skulen, skriving før skulealder, children's texts, vernacular literacy, writing before school, text analysis