Posisjonering og evaluering i argumenterande elevtekstar

  • Hege Myklebust Høgskolen Stord/Haugesund

Abstract

I denne artikkelen blir posisjonerings- og evalueringsteori brukt for å analysera argumenterande elevtekstar frå første klasse på vidaregåande skule. Tekstane er henta frå ein diskusjonstråd på Internett, der elevane hadde skrive innlegg som del av eit opplegg i samfunnsfag. Elevane diskuterte både munnleg i klasserommet og skriftleg på nett, delvis overlappande, men i artikkelen er berre de skriftlege bidraga analyserte. Analysen er knytt opp mot eit kompetansemål i læreplanen, som seier at elevane skal «drøfte samfunnsfaglege tema i digitale diskusjonsforum og vurdere eigne forståingar i lys av andre sine innlegg». Forskingsspørsmåla er: Korleis posisjonerer elevane seg som samfunnsdebattantar når dei diskuterer samfunnsfaglege emne i opne, digitale nettforum? Korleis kjem det til syne at elevane «vurderer eigne forståingar i lys av andre sine innlegg»? Funna viser at elevane gjer dette på tre ulike måtar, alt etter korleis ein tolkar andre del av kompetansemålet. Eit anna funn er at elevane stort sett posisjonerer seg som seriøse samfunnsdebattantar i debatten.

(Published, 4 April, 2017)

Citation: H. Myklebust. «Posisjonering og evaluering i argumenterande elevtekstar.» Nordic Journal of Literacy Research, Vol. 3, 2017, pp. 1-17. http://dx.doi.org/10.23865/njlr.v3.589

Downloads

Download data is not yet available.

Author Biography

Hege Myklebust, Høgskolen Stord/Haugesund

Stipendiat

Avdeling for lærarutdanning og kulturfag

Published
2017-04-04
Section
Original Research Articles
How to Cite
MYKLEBUST, Hege. Posisjonering og evaluering i argumenterande elevtekstar. Nordic Journal of Literacy Research, [S.l.], v. 3, n. 2, apr. 2017. ISSN 2464-1596. Available at: <https://nordicliteracy.net/index.php/njlr/article/view/589>. Date accessed: 15 dec. 2017. doi: https://doi.org/10.23865/njlr.v3.589.

Keywords

skriving, argumentasjon, dialog