8 Items
null

Forsking på barns og unges deltaking i ulike tekstkulturar skjer i dag primært i ein skulekontekst. Forsking som tematiserer barns og unges tekstpraksisar i ein fritidskontekst, kan bidra til å gje ei meir nyansert forståing for den komplekse aktiviteten det er å lese og skrive, og også gje innsikt i kva som motiverer barn og unge til å produsere tekstar.

I dette temanummeret blir tekstpraksisar knytt til fritida og kvardagen til barn og unge løfta fram. Gjennom åtte artiklar får lesaren eit bilete av korleis slike tekstpraksisar utfaldar seg. Lesaren får mellom anna møte barn som produserer tekstar i heimen, som nyttar sosiale medium, som deltek i rollespel, og som les for lesegledas skuld. Gjennom å skrive og lese på fritida kan barn og unge delta i samfunnet, få kunnskap om tema dei finn interessante og vere sosiale med vener og familiemedlemmar. Nokre av teksterfaringane barn og unge får på fritida, kan dei dessutan dra nytte av i skulesamanheng, medan andre praksisar i mindre grad blir verdsette i skulen. Nyare definisjonar av literacy tematiserer nettopp literacy og tekstpraksisar som integrerte i livet i moderne samfunn: Det handlar både om å handtera kvardagen, om jobb, om skule og å delta i demokratiet og gjera stemma si høyrt (Barton, 2007 [1994], s. 34-35; Berge, 2006; OECD, 2005, s. 61).

Nummeret opnar med eit forskingsoversyn over nordisk forsking på barn og unges fritidstekstar og -praksisar, som temaredaktørane Maja Michelsen og Gudrun Kløve Juuhl har skrive. Elles har Lidun Hareide, Eivind Tveter, Silje Ims Lied, Håvard Skaar, Elin Strømman, Åsmund Hennig, Stefan Lundström og Anette Svensson bidrege med artiklar.

All Items